Roleg natt for NVE – ventar dei største hendingane torsdag

Torsdag morgon kan NVE melde om at det trass i mykje vatn og vêr har vore ei natt utan dei alvorlegaste hendingane. – Gyda er framleis aktiv, og vi forventar at torsdagen er den dagen som har størst sannsyn for hendingar, seier Brigt Samdal, direktør i skred- og vassdragsavdelingen.

Somme har blitt evakuert og fleire stader er vegar stengde på grunn av uvêret Gyda.  Foto: Norges vassdrags- og energidirektorat (Arkiv)

Nyheter

Varslingstenestene i NVE kan melde om at det er høg vassføring i fleire elver, og det er venta meir nedbør kommande døgn.