Rosar handteringa etter grunnstøyting: – Både naudetatar, reiarlaget og lokale bedrifter har stilt opp

Assisterande hamnedirektør Sølve Oldeide ved Nordfjord Havn rosar alle involverte som har bistått i arbeidet med Hurtigruteskipet som grunnstøytte natt til onsdag.

Hurtigruten Fridtjof Nansen måtte legge til kai i Måløy etter å ha grunnstøtt.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– I utgangspunktet er vår rolle å gi ei sikker hamn til skipet ved slike hendingar. Vi har også eit ISPS-regime som skal takast i vare, og det skal vere åtgangskontroll. Då kjem vi tett på det som skjer og ser korleis det fungerer, fortel Oldeide.