Vegen er opna igjen etter at eit tre og stein raste ned i vegbana

Tidlegare torsdag gjekk det eit ras på fylkesveg 616 mellom Skatestraumtunnelen og Berleporten. Vegen blei stengt, men er no opna igjen.

Ifølgje Vegtrafikksentralen vest har eit tre og noko stein kome ned i vegbana. Vegen er stengt.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Ifølgje Vegtrafikksentralen vest var det eit tre og noko stein som kom ned i vegbana.

Trafikksentralen melde om raset kl. 15.44 torsdag.

Vegen blei stengt, men etter at ein entreprenør rydda vegbana, er vegen no opna for trafikk igjen.