– Det er bra at fylkeskommunen fekk saka inn på rett spor

Han som starta varslingssaka, Håvar Fagerli, er glad for at fylkeskommunen har tatt tak og har fått varslingssaka inn på rett spor.

Håvar Fagerli opplevde først å ikkje bli trudd då han varsla, men han klarte ikkje å sitte stille å sjå at enkelte kollegaer hadde det vondt og vanskeleg på jobb.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det var Håvar Fagerli som i desember 2020 varsla mot den dåverande øvste leiinga ved Måløy vidaregåande skule om at fleire opplevde mobbing, trakassering og at det var ein fryktkultur ved skulen. Fagerli hadde då jobba nokre månader som avdelingsleiar ved skulen og opplevd å høyre kollegaer ha vonde opplevingar.