Analyserte 122 prøver og fann 56 positive

Helse Førde analyserte 122 koronaprøver torsdag. Av desse gav 56 positive resultat.

Prøvane er analyserte ved laboratoriet til Førde sentralsjukehus.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Slik ser oversikta over dei analyserte prøvene den siste veka ut:

  • Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive
  • Fredag 7. – søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive
  • Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive
  • Tysdag 11. januar: 301 analyserte prøver, 126 positive
  • Onsdag 12. januar: 87 analyserte prøver, 47 positive
  • Torsdag 13. januar: 122 analyserte prøver, 56 positive

Det er framleis ein pasient som er innlagd på sjukehus med stadfesta covid-19 smitte. Pasienten får respiratorbehandling på intensivavdelinga.