Det blir ein grå og vindfull slutt på helga

Uvêret Gyda har gitt seg og både vind og regnbyene stilnar fredag. Men i løpet av helga blir det meir og meir regn

Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Meteorologen melder om nordvestleg bris på kysten fredag. Det blir regnbyer og sluddbyer i tillegg til snøbyer i høgda. Det er venta at snøgrensa vil falle utover dagen. I ettermiddag vil det bli mindre byer og stort sett opphaldsvêr.

Laurdag morgon aukar det til sørleg liten kuling på kysten og stiv kuling nord for Fedje. Vinden vil minke om ettermiddagen og etter kvart blir det litt snø og sluddbyer inst i Nordfjorden og regn ved kysten.

Natt til søndag vil det blåse opp ute ved kysten og tidleg om morgonen melder meteorologen om sterk kuling med vindkast på opp til 31 meter i sekundet. Frå formiddagen av blir det nordvestleg sterk kuling og periodevis liten storm. Det er også meldt regn og skyar store delar av dagen.