Fryktar nytt industriområde vil øydelegge strendene i bygda

Innbyggarane på Flatraket i Stad kommune er redde for at eit planlagt utvida industriområde vil øydelegge dei to strendene som ligg midt i bygda. Dei håper kommunen heller vil vurdere eit anna areal.

Innbyggarane på Flatraket i Stad kommune er redde for at eit planlagt utvida industriområde vil øydelegge dei to strendene som ligg midt i bygda.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

– Tareskogen og skjellsandområda, blautsanden og badestrendene våre er viktige og sårbare naturområde som blir berørte. 120 meter med forlenga kai utover ved dette området kan føre til at badestrendene våre blir øydelagde eller forsvinn, sa Stig Ødegård i folkemøtet torsdag om kommunedelplan for sjøareal og detaljreguleringsplan for Flatraket næringspark.