Har ikkje meir svar på kva skader skipet fekk

Hurtigruten Expeditions held framleis på med å kartlegge skadene og vil ikkje gå djupare inn på skadeomfanget etter at skipet Fridtjof Nansen gjekk på grunn ved Gangsøya natt til onsdag.

Hurtigruten Fridtjof Nansen ligg no til kai på Trollebø.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Hurtigrute gjekk på grunn og tok inn vatn. Slik opplevde reiarlaget det som skjedde

Leiinga i Hurtigruten Expeditions, som driv skipet «Fridtjof Nansen» som gjekk på grunn i Skatestraumen natt til onsdag, ville onsdag kveld ikkje seie noko om årsaka til uhellet som førte til at det blei hol i skroget og skipet tok inn vatn.


Hurtigruten Expeditions opplyste både onsdag og torsdag om at dei heldt på å kartlegge situasjonen og skadane på skipet.