No kan born ned i 5-års alderen få vaksinen

Foreldre og foresatte som ønskar det får no tilbud om å vaksinere borna sine som er mellom fem og elleve år.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det er frivillig å ta vaksinen og det blir ikkje gitt nokon anbefaling om å vaksinere alle born i denne aldersgruppa.

– Born blir svært sjeldan alvorleg sjuke, og det er førebels avgrensa kunnskap om sjeldne bivirkningar eller bivirkningar som kan komme etter lang tid. Den individuelle nytten for de fleste borna er liten, og Folkehelseinstituttet har ikkje ei anbefaling om at alle born mellom 5 og 11 år skal vaksinerast. Dei opnar derimot for at alle foreldre og foresatte får tilbod om vaksine til barna sine, men det vil vere spesielt aktuelt for nokre få grupper, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Det kan vere særleg aktuelt for born med kroniske sjukdommar, for familiar der born har nær kontakt med personar med særlege behov for beskyttelse og for born som har auka risiko fordi dei skal vere i land med meir smitte eller dårlegare tilgang til helsetenester. Det vil også vere aktuelt for born som av andre grunner lever i ei særleg utsett situasjon.

– Vi følger Folkehelseinstituttet si anbefaling, og det vil vere eit tilbod om gratis vaksinasjon til born der foreldre og foresatte ønsker det, seier Kjerkol.

Unge mellom 12 og 15 år

FHI anbefaler at ungdommar i aldersgruppa 12–15 år kan få tilbod om dose to. Det er likevel ikkje ei generell anbefaling om å ta vaksine da den største nytten allereie ligg føre med første dose og dose to kan gi noko økt risiko for hjartemuskelbetennelse. Per i dag har vi også avgrensa kunnskap om andre sjeldne bivirkningar. Det vil likevel vere et tilbod til dei som ønsker det.

– Regjeringa følger Folkehelseinstituttet si anbefaling når det kjem til vaksinering av born og unge. Dette er et frivillig tilbod, og foreldre må avgjere om dei ønsker å vaksinere barnet sitt. Vi støttar også FHI i at kommunane bør vere forsiktige med å legge opp til vaksinasjon på skulane, fordi tilbodet då kan bli oppfatta som ei sterk oppfordring frå styresmaktene om å ta vaksinen og dermed opplevast mindre frivillig, seier Kjerkol.