Bebuarar langs denne vegen bekymrar seg for auka trafikk og eigedomane sine med ny storfylling

Bebuarar langs Pernesvegen på Flatraket i Stad kommune lurer på korleis trafikkbildet blir i området knytt til planane om Flatraket næringspark. Dei lurer også på korleis utbygginga vil påverke eigedomane deira.

Bebuarar langs denne vegen på Flatraket er bekymra dersom det planlagde industriområdet medfører mykje trafikk.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

– Vi er fleire som bur langs Pernesvegen og vi er ganske bekymra for korleis det vil bli med tanke på mykje transport opp og ned. Kva med tanke på eigedomane? Er det snakk om utviding av veg? Denne vegen er mykje brukt av barn, og skule og barnehage, sa Vigdis Gjengedal og lurte på om kommunen kunne seie noko om det.