Hovudverneombodet ved skulen: – Dette har vore ei særdeles krevjande sak for alle

– Det har vore eit krevjande år, både for dei som har varsla, men også for alle tilsette ved skulen, seier Inger Strand Kvalheim.

Inger Strand Kvalheim seier denne saka har vore særdeles krevjande, spesielt for varslarane, men også for alle andre tilsette ved Måløy vidaregåande skule.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Strand Kvalheim er adjunkt ved Måløy vidaregåande skule. Ho er i tillegg hovudverneombod og plasstillitsvald ved Måløy vidaregåande skule og uttalar seg til Fjordenes Tidende som tillitsvald etter at rapporten frå advokatfirmaet Kluge vart gjort kjent for dei tilsette denne veka.