Sjøbu fungerer perfekt som kloster

Fader Damaskinos (f.v.) har hatt besøk av dei nye munkane, fader Antipas og nyinnvigde fader Agathangelos. (Foto: Siri Kolseth) 

Nyheter

Snart er det tre munkar på plass ved det nye klosteret i Selje som førebles er i ei sjøbu inst i Moldefjorden, like ved innslaget til der det er planlagt ein skipstunnel.

– Dette er Guds nåde og eit mirakel. Først fekk vi starta klosteret, og no sender Gud oss to englar, seier fader Damaskinos ved Hl. Sunniva Kloster, som snart får inn to munkar.
Sidan etableringa av klosteret i sommar har fader Damaskinos vore åleine.

Han er svært glad for at ting går godt, og seier at det første mirakelet som skjedde var at dei fekk bruke sjøbua til Stein Jørund Amdam på Eide.

Han seier at sjøbua er ein herleg stad å vere med utsikt ut til den heilage øya, der dei etterkvart skal etablere eit klosteranlegg.

– Det er som om dette stod og venta på oss. Vi bur her, vi ber her og vi tek imot folk her, seier fader Damaskinos, som seier at eigaren av sjøbua viser eit stort hjartelag.

Fader Damaskinos held på å fullføre ein doktorgrad i biologi. Han er sjølv frå den fransktalande delen av Sveits, og snakkar engelsk i møte med folk. Han seier at det har vore mange frå USA og Frankrike på besøk, men at det er lite lokale folk som har vore innom.

– Det er ein barriere at eg ikkje snakkar norsk. Det skal bli betre når dei to nye munkane kjem, seier fader Damaskinos.

Les om ein spesiel dåp i papiravisa onsdag 24. september.