Fann eldre mann drukna i sjøen

Nyheter

Litt etter klokka 21.00 søndag kveld fekk politiet melding frå ein person som hadde funne ein eldre mann som låg livlaus i sjøen ved ei brygge i Selje kommune.

Naudetatane rykte ut. Det vart utført livreddande tiltak på staden, men det vart etter kort tid stadfesta at mannen var død.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politikammer, Trond Hatlenes, ville ikkje seie så mykje meir om det som har skjedd søndag kveld.

- Det er ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt. I kveld brukar vi ressursar på å snakke med vitne, varsle pårørande og ta var på dei nærmaste, seier Haltenes.

Han seier politiet har vore på staden og har avhøyrt vitne. Han seier dei har eit greitt bilete av kva som har skjedd, men vil ikkje seie meir søndag kveld. Av om\syn til pårørande vil han heller ikkje seie kvar i Selje dette har skjedd.