Marion fann ut at ho ville bli sjukepleiar under yrkesmessa på Nordfjordeid mens Iselin måtte tenke litt meir på valet.

Marion Eikeset, som går i 10. klasse ved Hauge skule, bestemte utdanningsløpet på den første yrkesmessa for Nordfjord-elevar som fann stad i Operahuset Nordfjord.

– Det var veldig kjekt og lærerikt. Eg fann ut at eg vil bli sjukepleiar, seier Eikeset, som vil søke TAF-Helse i Måløy.TAF Helse fristar også Iselin Røed frå Eid ungdomsskule.

– Det er det eg har mest lyst til. Men eg er framleis litt usikker, seier Iselin, som gjekk rundt og såg på moglegheitene saman med ein annan tiandeklassing, Johannes Balsnes Leivdal.

– Det kan vere lettare å finne ut kva ein vil bli når ein får sjå ulike yrke på messe, seier han.

På standen til Stadpipe AS tok to lærlingar imot alle som var innom av dei eitt tusen elevane frå ungdomsskular og vidaregåande skular i Nordfjord.

– Vi fortel at vi er ei bedrift på Stadlandet og kva jobbmoglegheiter vi kan gje, seier Samuel Bødal.

Han er TAF-elev i Måløy, og får med seg både ei fagutdanning og studiespesialisering i utdanningsløpet.

Steffen René Hoddevik seier at dei nesten ikkje hadde pause på standen.

– Det er fantastisk flott at folk engasjerer seg og har lyst til å finne ut av kva val dei har rundt om i nærmiljøet, seier Hoddevik.

Han fortalde at han sjølv ikkje kunne ha funne ein betre jobb og stad å jobbe nær Selje der han bur.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.