Onsdag 11. februar var det oppstartmøte for prosjektet Marine Grunnkart. Prosjektet går ut på at det skal det lagast detaljerte kart av sjøbotn i kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora. Prosjektet vil vare i tre år.

Det er Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) som skal gjere kartleggingsarbeidet.

Prosjektet er finansiert i eit spleiselaget mellom NGU, kommunane, fylkeskommunen og verksemdene Marine Harvest, Steinvik Fiskefarm, K. Strømmen lakseoppdrett, Marø havbruk, Karstensen Fiskeoppdrett, Svanøy Havbruk og Nordfjord Forsøksstasjon.

Prosjektet vil vare i tre år frå 20. februar 2015. Alle data skal vere levert innan 20. februar 2018.

Kartlegging av sjø og sjøbotn er heilt naudsynt i arbeidet med berekraftig kystsoneplanlegging, forvaltning og verdiskaping. I denne kartlegginga vil NGU lage geologisk kart over botnforholda og avleidde temakart. NGU vil også analysere miljøgifter i botnsedimenta på ein regional skala. Videomaterialet som samlast inn vil bli lagt til rette slik at biologar kan arbeide vidare med det.

Følgjande kartprodukt vil bli utarbeidde:

1. Djupnekart (1-5m oppløysing)

2. Botnsediment (kornstorleik)

3. Botnreflektivitet

4. Botnfellingsområde

5. Ankringsforhold

6. Gravbarheit

7. Bratt og flat fjordbotn (skråning)

8. Miljøtilstand

NGUs databasar og kart vil bli offentleg publisert på www.ngu.no og www.mareano.no.

Produkta frå kartlegginga vil bli levert til kommunane og fylkeskommunen. Karttema som blir levert skal vere lette å bruke i arealplanlegging og forvalting av sjøområda, gjennom tilgjengelege og standardiserte kart- og datatenester.