No kan du vinne midlar til å skape din eigen draumeplass i naturen.

Det er 4H Sogn og Fjordane som inviterer lokalsamfunnet til å søkje på Draumeplassen innan 1. mai.

Vinnarane får arkitekttenester, prosjekthjelp og 50.000 kroner til å bygge si eigen draumeplass utandørs, ifølgje ei pressemelding frå organisasjonen.

– Vi vil velje ut to plassar i fylket som får realisert draumen. Den eine vil starte frå grunnen av. Den andre vil vere ein eksisterande naturmøteplass som blir utvikle vidare. Eg håpar på mange spennande søknader! seier Hanna deGroot, leiar for prosjektet Møteplass: Naturen i 4H Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen for prosjektet er at mange 4H-klubbar og lokalmiljøa rundt desse har laga lokale naturmøteplassar dei siste åra. Naturmøteplassane er opne, tilgjengelege plassar i nærnaturen.

Dei siste seks åra har heile 37 4H-klubbar i fylket laga naturmøteplassar, som gapahukar, grillhytter, gammar, klatrefelt og turstigar.

No vil dei ta eit steg vidare for å utvikle konseptet naturmøteplass. Dei skal lage ein prosjektpakke for naturmøteplassar, til liks med ballbingepakkane.