Fleire gonger har Kolset oppvekst opplevd at grusbana blir utsett for hærverk, ved at bilar har brukt den til å spinne rundt på på nattetid.

Sist var i påska, skriv Firdaposten.

Resultatet er at bana er blitt for øydelagt og humpete til å spille fotball på. Den skal vere full av groper og tuer, ifølge avisa.

– Det har skjedd fleire gonger før. Det var betre ein periode, men sidan i haust har det blitt verre igjen, seier Bjørg Olsbø, driftssjef ved Kolset Oppvekst, til Firdaposten.

Men til trass for gjentatte hendingar med spinning på grusbana, vil ikkje Kolset oppvekst levere inn melding til politiet.

– I første omgang vil eg purre på teknisk etat og høyre om dei har funne ut av kostnadene ved å sette opp bommar. Vi er så heldige at vi har eit idrettslag som seier at dei vil vere med å betale, i tillegg til å legge ned dugnadstimar, fortel ho.