Fekk testa seg mot resten

Seks av åtte skular i fylket deltok. Bendik Weltzien (f.v.), Eirik Klævold, Hallvard Hamre og Ola Wiik fekk ein delt 4. plass, ein tredje plass og to andreplassar i gruppene dei deltok i. Det blei det fine premiar av.   Foto: Privat

Lærar og meddommar Helge Hjertenes frå Måløy vidaregåande skule meiner at Sogn og Fjordanemeisterskapen i mekaniske fag må bli eit årleg føretak.   Foto: PRO Opplæringskontoret

Nyheter

– Dette er utruleg kjekt. Eg blir gjerne med på fleire slike konkurransar, seier Bendik Weltzien på VG2 på TAF-linja ved Måløy vidaregåande skule.

Han er djupt konsentrert om oppgåva han har fått delt ut under den aller første Sogn og Fjordanemeisterskapen i industrimekanikarfaget.

– Det vanskelegaste er å få alt beint, fortel han og tek eit nytt mål med skyvelæret.



På Mo- og Øyrane VGS var 17 elevar frå VG1 og VG2 ifrå heile fylket samla til konkurranse, om kven som er best i faga sveis, industrimekanikar og manuell maskinering. Bendik hadde tatt vegen frå Måløy i lag med tre andre elevar i tillegg til lærarar som er med for å dømme oppgåvene.

Han trur at slike konkurransar er med og skapar blest om faget, slik at fleire kanskje oppdagar kor spennande det eigentleg er.

Bendik er til dagleg utplassert hos Fiskevegn på Flatraket to dagar i veka. Han meiner at oppgåva var heilt innanfor det han til dagleg jobbar med.

– Det er kjekt å få prøve seg, og få ein indikasjon på kvar ein står i forhold til andre, seier Bendik som sjølv meiner han løyste oppgåva på ein brukbar måte, sjølv om han ser ting han kunne gjort betre.



Oppgåva var å dreie ein bolt og sveise saman ein brakett. Til slutt skulle eit ferdig lager monterast på braketten og bolten i lageret.

– Det er første gongen det blir arrangert slike konkurransar her i fylket, og eg var litt spent på førehand. Eg synest det har vore ein fin tone sjølv om alle sjølvsagt vil bli best. Ei god plassering her kan dessutan gje sjansar om å delta i konkurransar på høgare nivå som NM, EM og VM.

Les hele saken i fredagens papirutgave av Fjordenes Tidende.