Vil gjere seg attraktive

Kolset Krins Utviklingslag meiner det er viktig å legge til rette for tilflytting til området rundt Leirgulen, Kolset og Rugsund. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Utviklingslaget søkjer no Bremanger kommune om å få starte på rehabiliteringsarbeidet med grusbana ved Kolseth oppvekst.

– Ettersom bygda er i vekst, sjølv om barnetalet for tida er lågt, har vi eit håp om at også barnetalet skal vekse i lag med tal innbyggjarar. Derfor er det viktig å ha gode fasilitetar for aktivitet som gjer at også barnefamiliar skal finne bygda attraktiv å flytte til og bu i, skriv Kjell Leirgulen, leiar i utviklingslaget, til kommunen. Bana er ein grusa plass som blir brukt til fysisk aktivitet.

– Nyleg kom det opp skilt som seier at parkering er tillate etter avtale, men dette trigga vandalar, som no har øydelagt bana ved å spinne den opp med bil. Bana står i dag fram som ikkje brukande, fastslår KKU som vil blant anna legge ei kunstgrasbane på grusen.