Køyrde utfor og hamna på taket

Ein bilførar køyrde av vegen på Rugsundøy i Bremanger i natt, men blei berre lettare skadd. Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Natt til laurdag måtte politiet rykke ut til ei bilulukke i Bremanger.

Rundt klokka halv tre om natta meldte politiet at ein bil hadde køyrt av vegen, rulla rundt og hamna på taket på Rugsundøy utanfor Skatestraumstunnelen i Bremanger.

Ambulanse kom raskt til staden, og politiet rykte også ut.

Politiet opplyser at det var ein person i bilen då ulukka skjedde.

Vedkommande blei lettare skadd.