Sjå bilda av den metertjukke snøen:

Ber folk vere forsiktige på Hornelen

Nyheter

Svenn-Petter Kjerpeset og Morten Haugum ber folk vere forsiktige om dei tek turen på Hornelen. Snøen ligg metertjukk og dei snødekte sprekkane mot toppen kan lett bli feller for dei som ikkje er kjende.

- Det er det som er mest kritisk der oppe no. Det er ein del sprekkar oppover, som ikkje er så fyldige. Her kan ein bli kilt fast om ein ikkje er kjend, seier Svenn-Petter Kjerpeset.

Han og Haugum var laurdag ein tur opp på Hornelen på førespurnad frå Bremanger Turistinformasjon.

- Dei får mange spørsmål om Hornelen-turar, og spurte oss om vi kunne ta ein rekognoseringstur og sjekke løypene. Og det vi oppdaga var jo ei stor mengde snø der oppe. Eg trur nesten det må vere rekord. Enkelte stader trur eg den kjem til å ligge heile året. Til og med øvst i dei T-merkte løypene er det ikkje sikkert den smeltar før i juni/juli, seier Kjerpeset.

Om folk vil gå opp, er ruta frå Berleneset å anbefale. Der er det minst snø.

- Men oppe i dalen mot Hornelen vil ein møte snøen.

Kjerpeset og Haugum gjekk opp frå Hunskår og ned til Berleneset for å få testa begge løyper. Og dei møtte faktisk andre folk.

- Vi trefte nokre folk frå Oslo som hadde prøvd seg på ruta frå Hunskår for to veker sidan, men vart stoppa av snøen. No prøvde dei seg igjen, denne gongen frå Berleneset.

- Vi møtte dei då vi var på veg ned, og dei fortsette oppover. Vi bad dei følge i våre spor. Men vi fekk med oss eit par søstre frå Trondheim ned igjen til Berleneset. Dei snudde.

Kjerpeset kan ikkje anbefale folk å gå på Hornelen akkurat no.

- Nei, ikkje utan å vere kjend. Ei kan fort risikere å trakke ned i noko der oppe. Vi målte temperaturen til 0 grader, det vil seie at snøen er kald, så det er eigentleg ikkje noko problem å gå no. Men når det kjem sol, kan ein plutseleg trakke ein halv meter ned i roten snø.

- Gjer det det farlegare eller blir det berre tyngre?

- Det blir veldig tungt å gå . Og oppover, dei siste hundre høgdemeterane, ligg det veldig mykje snø no, avsluttar Kjerpeset.