Sette rekord saman med Nilsi frå 71 grader nord

Nyheter

Heile 64 deltakarar stilte i eliteklassa då Blåfelden rett opp gjekk av stabelen under Kosterikjedagane i helga. Det er fleire enn nokon gong.

– Vi er glade for å merke oppgang i deltakinga trass det fæle vêret. Det er kjekt å sjå at motbakkeløp vert meir og meir populært seier Atle Midtbø, leiar i Syvde IL.

Idrettslaget hadde invitert komikar Nils Ingar Aadne til å stille på startstreken.

– Vi prøvar å ha ein underhaldande profil på løpet, sidan det er ein del av Kosterikjedagane, og blei kjempeglade når «Nilsi» bestemte seg for å bli med. Han har trass alt vore med på 71 grader nord, Noregs tøffaste kjendis, og drog nok litt publikum, fortel Midtbø.

Sjeldan fjelltur

Det var ikkje berre dei fjell- og løpsvande som våga seg opp Blåfelden laurdag. Kevin Oseberg og kompisane var blant om lag 115 mosjonistar som tok laust i regnværet.

– Vi har så vidt vore på eit fjell før, så det her blir spanande. Vi veit ikkje kor lang tid dette vil ta, men satsar på å bruke akkurat nok tid til å komme opp, ler Kevin.

Frå løp til kjøp

Petrine Sjåstad og venninnene brukte bygdedagane for alt det dei var verdt.

– Vi har vore her kvart år, og dei mange bodene i gata har inspirert oss. I år sel vi sjølvlaga armband. Neste år har vi kanskje ei eiga bod, smiler Petrine håpefullt, før ho fortel at dei ser for seg å kunne masseprodusere i framtida.

Godt brukt telt

I laupet av helga var «Kosteteltet» plassen å opphalde seg. Her kunne ein nyte gratis frukost og kose seg saman med kjente og kjære. Medan ein søkte ly for regnet kunne ein også få med seg både lokale songtalent, moteshow, boksignering og trylleshow.

I tillegg var det pub og dans i teltet fredag og laurdagskveld.

– Det var godt oppmøte og mykje liv gjennom heile dagen, sjølv om været var grusomt og regnet bøtta ned. Det er veldig kjekt at bygdefolket nyttar seg av det vi lagar til, og det motiverer også oss arrangørar til å fortsette, seier Anita Nordang.

– Laurdagskveld var det stinn brakke i teltet, med mellom 350 og 400 selde billettar. Det er veldig bra for ei lita bygd, fortel ho nøgd.