Vil utvide anlegg

Nyheter

K. Strømmen Lakseoppdrett AS i Rugsund har søkt om arealutviding av akvakulturanlegget som ligg på Grunneneset. Her har selskapet eit stålanlegg og to merdar med diameter 39 meter.

For å optimalisere på drifta ser K. Strømmen Lakseoppdrett behov for å nytte ringar i større grad.

Selskapet har erfart at dei ved utbrot av AGD på anlegg i Marøy har hatt langt mindre problem med AGD i ringane. Dei vurderer det slik at dette skuldast større avstand mellom merdane.



På kort sikt er derfor ei endring av anleggskonfigurasjon eit av tiltaka dei ønskjer å gjere for å redusere risiko på AGD.

To nye merdar på Grunneneset vil bidra til at dei ikkje treng å nytte den fulle kapasitet i stålanlegget til ein kvar tid, fastslår dei i søknaden til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen ber no om kommunal uttale til saka.