Åtvarar turgåarar på Hornelen

Hornelen: Her skal ein ikkje gå om ein tek turen på Hornelen. 

Nyheter

Bremanger turistinformasjon åtvarar folk mot å gå ukritisk i andre sine spor når dei går på Hornelen.

Dei har lagt ut eit bilde av Hornelen på si Facebook-side, og viser til at ein ikkje burde ferdast i det aktuelle området.

"Her skal du ikkje gå. Her har nokon kryssa rett over sprekka. Ikkje følg ukritisk andre sine spor", skriv turistinformasjonen.

I slutten av mai ba turlaget folk om å vere forsiktige når dei går på Hornelen.


Sjå bilda av den metertjukke snøen:

Ber folk vere forsiktige på Hornelen