Hoppa i sjøen og berga livlaus mann

Margun (f.v.) og Hans Fure er imponert korleis Charlotte Tytingvåg opptrådte då ein man havna i sjøen på Silda søndag kveld. (Foto: Erling Wåge) 

Nyheter

Charlotte Tytingvåg (22) frå Vågsøy blir omtalt som ein stor helt. Søndag hoppa den unge jenta i sjøen og plukka opp ein livlaus person.

Det var søndag kveld at ekteparet Hans og Margun Fure på Silda såg at ein person ramla i sjøen utanfor Skjærebuda på Silda i Vågsøy kommune.

Dei har utsikt rett ned på hamna frå huset sitt der.


 

- Eg er interessert i sjarkar, og kjende godt han som kom å la til kai. Eg følgde med han i kikkerten. Og då han skulle fortøye båten såg eg at han ramla i sjøen, fortel Hans.

Han fortel at kona Margun ringde sporenstreks til Charlotte Tytingvåg som dei visste var på Skjærebuda denne kvelden. Den unge jenta driv Skjærebuda.

Kasta seg uti sjøen

Sjølv la Hans Fure på sprang det fortaste han kunne for å hjelpe til. Frå huset og rundt hamna til Skjærebuda brukar han 4-5 minutt.

Charlotte Tytingvåg dreiv med varelevering inne på kafeen, og såg ikkje at mannen ramla i sjøen.

Ho kasta seg rundt då ho fekk telefon. Ho sprang ut og såg at det låg ein person opp-ned i sjøen. Utan å nøle kasta ho seg uti. Ho symde bort til den livlause personen som låg opp ned.

Og ho klarte å få han inn til flytekaia. Ho heldt den livlause mannen til Hans kom og hjelpte til med å få mannen opp på flytekaia.

- Han var då livlaus og blå. Men vi klarte å få han opp. Vi fekk trykt på han slik at han fekk ut vatnet han hadde fått i seg. Vi fekk opna luftvegar og snart så var det liv i han. Vi fekk han inn, tok av han kleda og prøvde å få varmen i han fortel Hans.

Charlotte Tytingvåg kontakta AMK-sentralen på 113. Etter 20 minutt så kom eit Sea King-helikopter med mellom anna lege om bord.

Er mektig imponert

Hans er mektig imponert av Charlotte Tytingvåg.

- Ho er ei ung og tøff jente. Ho gjorde ein fantastisk jobb denne kvelden. Hadde det ikkje vore for henne så kunne dette enda skikkeleg tragisk, seier Hans Fure som sjølv saman med kona Margun har stor del av ære for at dette ikkje vart ei tragedie.

Kåre Silden frå Silda seier dei tre som bidrog til at mannen berga livet gjorde heltemodig innsats.

- Heilt imponerande. Har nesten ikkje ord, seier han.

Mannen vart frakta til sjukehus, og blir truleg heilt bra igjen.

Han har sjølv ringt frå sjukesenga og takka Charlotte for det ho gjorde.

Gjorde berre det eg måtte gjere

Charlotte Tytingvåg seier til Fjordenes Tidende at ho berre gjorde det som var heilt naturleg.

- Eg handla i rein refleks utan å tenke. Eg hadde heldigvis lært livberging og førstehjelp på skulen. Det fekk eg god bruk for denne kvelden, seier Charlotte til Fjordenes Tidende.

Ho rosar ekteparet Fure for at dei varsla ho. Ho er også imponert over  Hans som kom og hjelpte til med å få mannen opp, og å få liv i han igjen. Og ikkje minst er ho glad for at det går bra med mannen som ho var med å berge.

Charlotte legg ikkje skjul på at denne hendinga har prega ho. Ho har hatt vanskar med å sove.

- Har du fått tilbod om noko krisehjelp?

- Nei. Eg har ikkje høyrt noko frå det offentlege. Men eg har mange vener i Røde Kors som eg har snakka med. Det har vore god terapi.