Bremanger brannvesen:

- Eit under at liv ikkje gjekk tapt

På staden: Åge Senneset (t.v.) i brannvesenet i Bremanger er glad for at liv ikkje gjekk tapt. Foto: Siv K. Berg 

Nyheter

Åge Senneset i brannvesenet i Bremanger er svært glad for at alle personane kom seg ut av tunnelen i tide.

 - Det er eit under at liv ikkje gjekk tapt, seier Åge Senneset, ein av dei seks frå Bremanger brannvesen som rykte ut.

Han fortel at ulykka kunne fått svært alvorlege konsekvensar.


 

Brannvesenet deltok mellom anna med røykdykkarar og klarerte at det ikkje var folk mellom bilane og inngangen. Alle personane på Hunskår- sida av tunnelen kom seg ut på eiga hand, ifølgje Senneset.

 - Eg er glad det ikkje gjekk liv tapt, seier han.


Kom seg ut av tunnelen før det eksploderte

- Vi hadde flaks

 

Brannvesenet i Bremanger har aldri opplevd liknande situasjon, men at dei for ein månad sidan øvde på tunnelbrann.

Brannvesenet har også tidlegare øvd i akkurat denne tunnelen.

Brannvesenet frå Bremanger var bare eitt av brannvesena som rykte ut til Skatestraumtunnelen etter at ein tilhengar med 26.500 liter bensin eksploderte i tunnelen. I tillegg kom brannvesen frå Svelgen, Florø, Eikefjord og Vågsøy.