Har henta ut hengaren

Jobbar med å få oversikt over skadene

Henta ut: Delane av hengaren til vogntoget som sist veke for i fjellveggen og eksploderte med 16.500 liter bensin blei dag henta ut av Skatestraumtunnelen. Foto: Bjarne Eldevik 

Nyheter

Etter at politiet frigav Skatestraumtunnelen tidlegare i dag, har Statens vegvesen vore inne i tunnelen for å kartlegge kva som må gjerast.

Politi og Statens havarikommisjon for transport har i dag henta ut hengaren som onsdag sist veke hamna i fjellveggen med 16.500 liter bensin og eksploderte. Eigentleg skulle hengaren bli henta ut i går, men grunna problem med ferjesambandet Måløy - Oldeide, blei det utsett til tysdag.

Politiet har frigitt tunnelen til Statens vegvesen, som i dag har hatt ein første kikk på skadane etter brannen.

 - I første omgang har vi prøve å få oversikt over pumpesystemet og skadeverket. Kor lang tid dette vil ta, veit vi ikkje, seier kommunikasjonsleiar Arne Eithun i Statens vegvesen og legg til at ein først og fremst tenker sikkerheit.

Han fortel at dei skal ha fleire undersøkingar etter kvart, men at ein først må få fullstendig oversikt om det er trygt.

 - Vi må rett og slett få sjekke skader på armatur, samt ting som kan vere lause. Slik at vi får det fulle og heile bildet, seier Eithun.

Representantar har i dag likevel fått eit lite bilde av korleis det ser ut og fortel om høg vasstand i oppfyllingsbassenget i tunnelen etter at pumpene var slått av i fem dagar.

 - Vi har fått starta pumpesystemet igjen. Pumpene virker, men pumpesystemet blei slått av rett etter brannen sidan det var bensin i systemetm seier kommunikasjonsleiaren, som legg til at tunnelen etter kvart skal vaskast og spylast rein for oske og brannrestar.

Vegvesenet vil legge ut lensesystem i fjorden der pumpevatnet kjem ut for å sikre seg mot forureining.

Kommunikasjonsleiaren viser til at dei bare så vidt er kome i gang med arbeidet.

 - No blir det jobba med å få oversikt, seier Eithun og legg til at det er altfor tidleg å seie noko om skadeomfang, kor lang tid reparasjonane vil ta, samt kostnader.

Havarikommisjonen har beslutta at dei vil foreta ein utvida forundersøkelse av hendinga i tunnelen.

Les alt om ulukka her: