Bli med på turen ned i ulykkestunnelen

Nyheter

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen hadde i dag synfaring i Skatestraumtunnelen i Bremanger, saman med representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune.

Frå inngangen ved Klubben på sørsida av tunnelen og fram til ulykkesstaden har vegvesenet vaska reint sidan tunnelen blei frigitt frå politiet i går. Dette ser ein på filmen, samt frå sjølve ulykkesstaden der restane av hengaren som inneheldt totalt 16.500 liter bensin hamna i veggen og tok fyr.

I den resterande delen av tunnelen blir det no jobba med å rive ned skadane på tunnelveggane.