Skatestraumtunnelen:

Her er dei nye krava

Regionvegsjef Helge Eidsnes seier det ikkje er så mykje som skal til før Skatestraumtunnelen tilfredsstiller dei nye krava.  

Nyheter

Nye sikringstiltak kan kome når ein no jobbar med å sette i stand Skatestraumtunnelen. 

Krav frå ei ny tunnelsikringsforskrift gjeldande frå nyttår og som skal implementerast før 2025 skal no vurderast i Skatestraumtunnelen.

– Det er ein relativt ny tunnel og vi ser at det ikkje er så mykje som skal til før den tilfredsstiller dei nye krava, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

Dei nye krava inneber mellom anna at det skal vere tettare mellom naudskapa.

– Det er 250 meter mellom dei no, og det skal vere 125 meter. Samt at det skal vere leielys nede ved vegen, ikkje berre lys i taket, seier Eidsnes.

Naudskapa var viktige då ulykka skjedde i Skatestraumtunnelen. I tillegg til å ringe, opna tankbilsjåføren naudskapa i tunnelen etter ulykka, og etter 46 sekund hadde Vegtrafikksentralen stengd tunnelen. Om skapa hadde stått tettare då, trur ikkje Eidsnes ville hatt noko betydning for kor kjapt alarmen gjekk.

– Ein klarar det ikkje kjappare enn dette. Det er i overkant bra, seier Eidsnes.

Om ein vel å inkluderer dei nye krava i tunnelen når ein no set tunnelen tilbake i stand, blir opp til fylkeskommunen. Vegvesenet ventar å ha klar ein rapport med begge kostnadsoverslag om ein månad.

Les alt om ulukka her: