Fylkesordføreren:

– Dette blir dyrt

Fylkesordfører Åshild Kjelsnes på synfaring i Skatestraumtunnelen. (Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug) 

Nyheter

Det var kommentaren frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes etter ho kom ut av Skatestraum-tunnelen etter synfaringa torsdag. Regionvegsjefen hadde orientert om at kostnadene med arbeidet ville bli i titals millionarklassen.

– Men vi er nøydde å bygge dette opp igjen. Rekninga får vi ta etter kvart, seier Kjelsnes, som elles roste arbeidet gjort i etterkant av ulykka.

– I ein unntakstilstand har ein fått kvardagen til å fungere.


Smørhamn-Kjelkenes:

Ønsker at ferja skal ligge her

 

– Vi vil sjekke ut moglegheita for å få hjelp frå nasjonale styresmakter, seier Kjelsnes.

Arnstein Menes, som er leiar for hovudutval for samferdsle, fryktar at kostnadene med å sette i stand tunnelen vil gå ut over andre vegprosjekt. Men det er for tidleg å seie noko om i kor stor grad eller kva prosjekt dette vil gjelde.


Smørhamn-Kjelkenes:

Ønsker at ferja skal ligge her

 

– Vi ventar på oversikt frå vegvesenet, seier han. Denne er venta om ein månads tid.