Får lære meir om teknologi

Leir: Simen Vangberg frå Eid (t.v.) og Peter Myklebust frå Måløy har ei spennande veke i møte på Teknoleir i Stryn. Foto: privat  

Nyheter

Simen Vangberg frå Eid og Peter Myklebust bruker veka på å lære meir om 3D på Teknoleir i Stryn.

- Vi skal sveise, teikne i 3D og printe, fortel  Peter Myklebust.

14-åringen er ein av dei som brukar veka på Teknoleir på Stryn vidaregåande skule. I løpet av veka skal dei bygge ein fullt funksjonerande bil, som skal kunne køyre rett fram. Denne blir ferdig fredag.

- Eg melde meg på mest på grunn av dette med 3D, det er noko eg interesserer meg for, seier Myklebust.

Teknoleir er eit nytt tilbod til ungdom som ønskjer å leike og lære om og med teknologi i sommarferien. Det vert i 2015 gjennomført to leire. Den første leiren vart gjennomført i Førde i juli med topp tilbakemelding. I Stryn er det førebels påmeldt seks personar, så der er den enda plass, ifølgje Jorunn Kirketeig, dagleg leiar i PRO Opplæringskontoret, som er industri- og teknologibedriftene sitt opplæringskontor i Sogn og Fjordane.

 - Målet vårt er å gje eit tilbod rundt om i heile fylket dei kommande åra. Miniversjon av leiren vil verte tilgjengelig rundt om utover hausten , som eit godt fritidstilbod på førdagar og søndagar, seier Kirketeig og fortset:

 - For dei som kjenner tilboda ved Vitensentera så liknar vårt tilbod på det du finn i dei større byane på Vitensenter. Vi meiner at dette er eit tilbod som ungdom i Sogn og Fjordane  og skal ha tilbod om.