Statleg støtte til Skatestraumtunnelen:

Spør ministeren om svar

I helga besøkte Venstres stortingsrepresentant Abid Raja (2 f.h.) Nordfjordeid og Nave Hjortefarm, med Anette Agledal (i midten) i Vågsøy kommune. Under besøket ba Eid-ordfører Alfred Bjørlo (2. fv), Klaus Iversen (t.v.) og Daniel Gangeskar (t.h.) Raja om å få fortgang i saka om økonomisk støtte frå staten til arbeidet i Skatestraumtunnelen. Raja har nå sendt ein formell henvendelse til stortingets president.  Foto: OLINE B. NAVE

Nyheter

Stortingsrepresentant Abid Raja (V) har i dag bedt stortingets president om svar på om staten kan bidra med økonomisk støtte til Sogn og Fjordane fylkeskommune etter ulukka i Skatestraumtunnelen.

Spørsmålet går på dei prinsipielle problemstillingane knytt til dekking av kostnadane etter ulukka.

– Kva kan staten gjere for å avhjelpe ekstraordinære økonomiske utfordringar for lokale styresmakter som oppstår i situasjonar som tunnelulukka i Skatestraumtunellen i Bremanger? spør stortingets president i den formelle henvendelse, der han i tillegg ber samferdsleministeren om eit skriftleg svar på spørsmålet.


Vil ha statlig støtte til Skatestraumtunnelen:

Mener ulykken var en katastrofe

 

I neste veke kjem også stortingsrepresentant Andre N. Skjelstad i kommunalkomiteen (V) på nærare synfaring i Skatestraumen, fortel fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang (V).

- Venstre og Skjelstad har frå før fått gjennomslag for at Sogn og Fjordane må sikrast ein  tapskompensasjon etter at det nye inntektssystemet for fylkeskommunane vart innført. Venstre meiner at fylkeskommunane og kommunane ikkje har eit inntektssystem som tek høgde for at ein fylkeskommune skal takle slike uføresette hendingar. Det er heller ikkje lagt opp til at dei skal takle kostnadane  når naturskade er årsaka. Difor har staten eit naturskadefond. Vi meiner det er ein logisk brist at ein ikkje har tilsvarande ordningar for denne type hendingar som i Skatestraumen, sjølv om det ikkje skuldast naturskade. Og  det kan i allefall ikkje vere meininga at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere i stand til å takle det, sett i lys av dei dramatiske økonomiske utfordringane vi har der, skriv Stang i ein pressemelding.