Tre månadar gamle Line Husevåg er eidar nummer 6.000.

Ferske tal frå SSB syner at folketalet i Eid hadde auka frå 5.990 til 6.007 frå 1. april til 1. juli i år.

Den "magiske datoen" då folketalet passerte 6.000 var 5. mai. Den dagen vart Line Husevåg fødd - og går dermed inn i historia som eidar nummer 6.000, fortel ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Ved inngangen til helga vart ho gjort stas på av Eid kommune og handelsstanden i Eid.

– Å passerer 6.000 innbyggjarar er ein symbolsk milepæl for Eid, og syner at vi er ei kommune i vekst og utvikling, seier Bjørlo.

Folketalet i Eid har no auka i åtte kvartal på rad, til saman med 113 innbyggjarar siste to åra. Eid ligg med det omlag på landssnittet i folketalsvekst, og langt over gjennomsnittet i Sogn og Fjordane. Eid har også ein relativ høg andel born og unge i befolkinga samanlikna med Sogn og Fjordane elles.

Frå Eid kommune fekk eidar nummer 6.000 eit flott diplom med helsing frå ordførar og rådmann, ein "hjarte-pin" i sølv med Eidahjartet, og fri inngang til symjehallen i Eid heilt fram til Line fyller seks år i 2021.

Mor Ragnhild Husevåg fekk eit sølvsmykke med Eidahjartet.

Frå handelsstanden i Eid fekk Line og familien eit gåvekort på 6.000 kroner - fordelt med 2.000 kvar frå daglegvarebutikkane på Eid.

– Det er kjekt å kunne vere med på markeringa av eidar nr  6.000. Frå handelsstanden si side merkar vi også stor framtidstru og optimisme i Eid for tida, og vi ynskjer både store og små nye eidarar velkomne, seier leiar i Nordfjordeid Senter, Oddvin Hansen.

Foreldra til Line heiter Ragnhild og Torkild Husevåg, og dei har eitt barn på to år frå før. Familien bur i Leirongane i Nordfjordeid sentrum. Ragnhild er til dagleg lærar på Nordfjordeid skule, medan Torkild er utdanna sosionom og for tida arbeider utanfor kommunen og er vekependlar.