Største satsinga sidan 80-talet:

Her kjem det nytt bustadfelt

Nyheter

Eid kommune gjer seg no klare for opparbeiding av Hogaåsen bustadfelt på Nordfjordeid.

Kommunen teikna 21. august 2015 kontrakt med entreprenør K A Aurstad AS frå Ørsta om opparbeidingen av det nye kommunale bustadfeltet.


 

– Hogaåsen er den største bustad-satsinga i Eid sidan Myklebuståsen vart utbygd på 80-talet. Eid kommune opplever for tida folketalsvekst og auka etterspurnad etter bustadtomter. Samtidig er det nye større næringsetableringar på gang i kommunen som vil gi nye arbeidsplasser og ytterlegare vekst. Eg er difor svært glad for at vi no kjem i gang med utbygginga av Hogaåsen. Det er eit område som vil gi mange mogelegheit til å byggje sentrumsnær bustad med flott utsikt utover Eidsdalen og Eidsfjorden - med gåavstand til skule, barnehage, butikk- og servicetilbod. seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.


Fikk du med deg disse?

Dette er ukens mest populære saker

 

– Aurstad AS er svært fornøgde med å ha fått tildelt kontrakta for opparbeiding av Hogaåsen, og ser fram til å komme i gang med prosjektet. Det er kjekt å sjå at kommuner tar grep og satsar aktivt på utviklinga slik Eid for tida gjer , og då er tilgjengelege og attraktive bustadtomter ein viktig faktor. Opparbeidinga vil starte opp ila kort tid, og vi reknar med å ha 10-15 mann på plass for å utføre arbeidet. Det blir no arbeidd saman med Eid kommune for å finne gode løysningar for bl.anna masseuttak, slik at ein i størst mogleg grad unngår å måtte transportere masse inn og ut av området, seier Cato Aurstad.  

Fyrste byggesteg av Hogaåsen startar opp rundt 1. september i området nærast Myklebuståsen.

Her vil det kome 39 einebustadtomter og 3 område for leilighetsutbygging. I tillegg skal de byggjast to leikeplassar og ein ride-/skogsveg som gir tilkomst til Myklebustsætra frå Nordfjordeid sentrum. Samla er Hogaåsen-feltet på over 150 mål og vil totalt utløyse ca 120 einebustadtomter og ni område for leilighetsutbygging. 


 

I anleggsperioden skal det skal det byggjast ut vegnett i området, vatn/avløp, kablar, gatelys og gang- og sykkelveg. Ferdigstilling av infrastrukturen i bustadfeltet og delovertaking av området er tidfesta til desember 2016.  Etter planen kan tomtearbeid og husbygging i Hogaåsen ta til ved årsskiftet 2016/17. Ferdigstilling av heile feltet med vegdekke og grøntareal til våren 2017.

Eid kommune planlegg å starte sal av tomter i feltet hausten 2015.