Måndag ga Statens vegvesen grønt lys for kolonnekøyring gjennom Skatestraumstunnelen. Det er Linda Svarstad i Rutebilane i Bremanger glad for.

– Kolonnekøyringa er ei veldig god løysing for oss. Vi er veldig fornøgde med at talet kolonner steig frå sju-åtte til ti. Og tidene passar også for oss, seier driftsleiar Linda F. Svarstad i Rutebilane i Bremanger.

Når tunnelen no opnar for ei viss gjennomfart, får det lokale busselskapet gjennomført bussruter som dei måtte innstille etter eksplosjonen i juli.

– No får vi gjennomført ruta frå Bremanger til Svelgen tre dagar i veka. Vi får også godsruta i gang igjen. Og til forskjell frå ferja kjem alle med, det er ikkje plassbegrensningar, seier Svarstad.

Mange har fått merke at bussane ikkje har fått køyre.

– Det er mange som pendlar internt i Bremanger, frå Kalvåg, Bremanger, Leirgulen til Svelgen. Det er mange som ikkje har hatt ei tilbod i denne perioden.

Jobbar døgnet rundt

For tiden arbeider Statens vegvesen døgnet rundt i tunnelen.

– Vi jobbar så raskt vi kan, meiner vi. Det er begrensa kor mykje arbeid ein kan gjere i tunnelen samtidig. Det er mange arbeidslag og mange typer arbeid, forklarer Margot Åsebø.

Akkurat no er dei ferdig med mesteparten av sprengingsarbeidet som var viktig for å få til kolonnekøyringa. Etter det går ein i gang med reparasjonar og legging av 500 meter med drensgrøfter.

– I tillegg borar vi bolt for vatn- og frostsikring. Når alt PE-skummet er på plass her, sprøyter vi heile tunnelen med eit åtte centimeter lag med betong for å gjere det brannsikkert, fortel Åsebø.

Vegvesenet installer også fire nye vifter, nye nødstasjonar med brannslokkingsapparat kvar 150. meter, nye evakueringslys kvar 25. meter og nytt lysanlegg i den øydelagte delen av tunnelen. Dei jobbar på spreng og om natta får dei jobbe uforstyrra.

– Ja, behovet er ikkje så stort for transport om natta, så den har vi held fri for bilar. Å få jobbe uforstyrra er med på å halde kostnadene nede, seier Åsebø.

– Er kolonnekøyringa også billigare enn å ha ferja gåande?

– Vi håper å få ned kostnadene med dette, ja, seier Åsebø.