Alfred Bjørlo overtek Måløy Vekst

Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid blir den nye sjefen i Måløy Vekst. Han er på plass i Måløy 1. september.
Nyheter

Alfred Bjørlo er altså tilsett som ny dagleg leiar i Måløy Vekst AS. Han overtek etter Marie Melhagen, som etter berre månader i jobben, valde å seie opp.

Alfred Bjørlo er i dag rådgivar i kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller i Oslo, og han vil overta som leiar i Måløy Vekst 1. september.

- Eg er veldig glad for at Alfred Bjørlo har takka ja til jobben som dagleg leiar i Måløy Vekst. Eg trur han har den rette bakgrunnen og dei rette eigenskapane til å spele ei sentral rolle i utviklinga av næringslivet i Vågsøy, seier styreleiar i Måløy Vekst, Rolf Domstein.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 30. mai.