Ber Nordfjord om å stille opp

- Det er no kampen for Nordfjord sjukehus må kjempast, seier Knut Leirgulen. Laurdag er det lokalsjukehusa sin dag.
Nyheter

Knut Leirgulen er nestleiar i folkeaksjonen for bevaring av Nordfjord sjukehus.

Han fortel at det komande laurdag vert storaksjon for Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

- Fyrst vert det appellar i sentrum før vi klokka 14.00 samlast på sjukehuset for å slå ring rundt det, seier Leirgulen.

Leirgulen seier at til denne samlinga på sjukehuset bør det kome folk frå heile Nordfjord for å vise både regjering og Helse Vest at folk i Nordfjord verkeleg bryr seg om sjukehuset sitt.

- Det er no kampen står. Vi opplever at Helse Førde med regjeringa og leiinga i Sogn og Fjordane Ap si velsigning driv med nedbygging av tilbodet ved sjukehuset. Dette er noko vi må sette ein stoppar for og det er berre stor folkeleg motstand som kan endre dei planane som er lagt, seier Leirgulen.

Aksjonisten frå Stryn har ei bøn til folk i Nordfjord heilt til slutt:

- Møt opp så mange som mogeleg. Utan stor folkeleg motstand er eg redd vi har tapt kampen for eit fullverdig lokalsjukehus i Nordfjord, seier Knut Leirgulen.