Så er skroget på plass

Måndag føremiddag kom skroget som Blaalid AS på Raudeberg skal utruste med slepebåt frå Polen.
Nyheter

Blaalid As på Raudeberg har fått kontrakt på bygging av ein ny kystbåt. Og måndag kom skroget til Raudeberg med slepebåt.

No startar verftet og ei rekke underleverandørar jobben med å innreie og ruste ut skipet som førebels er eit ståskrog utan maskin og innreiing.

Det er reiarlaget Ryggefjord Fiskebåtrederi as som har bestilt den nye kystbåten som blir Blaalid AS sitt nybygg nummer 34.

Skroget er ferdig bygd i Russland og har vore i Polen for sandblåsing og maling.

Dagleg leiar ved verftet på Raudeberg, Terje Hveberg, sa til Fjordenes Tidende då kontrakten var signert at dette betyr at dei vil ha full sysselsetjing ei god stund framover i tid.

Blaalid og ei rekke lokale underleverandørar i distriktet skal innreie og utruste den nye båten, så her er det mange som blir sysselsett, seier Hveberg.

Det er Seacon i Måløy som har teikna og prosjektert nybygget. Dette blir ein topp moderne kystbåt som er 34 meter lang og 9,50 meter brei.

Bruttotonnasjen er på 499 tonn. Båten skal ha dieselelektrisk framdrift.

Båten skal ha namnet «Voldnes», og blir registrert i Hammerfest. Reiarlaget høyrer heime i Havøysund.

Den nye båten skal vere klar til levering 15. januar 2011.