Planlegg storaksjon på Torget

Mobiliserer for sjukehuset.
Nyheter

- Noko må vi også gjere, seier Øyvind Reed og Vidar Furnes frå Måløy.

Måndag 6. desember vil dei fylle torget i Måløy med sjukehusdemonstrantar.

Ved hjelp av moderne teknologi skal markeringa i Måløy visast på ein 50 kvadratmeter stor skjerm i Oslo utanfor Stortinget i samband med den store landsomfattande sjukehusaksjonen.

Aksjonen i Måløy er organisert på rekordtid.

Sjukehusmarkeringa i Måløy er meint som eit tilbod til dei som brenn for sjukehussaka, men som ikkje har mulegheit til å vere med bussane som køyrer til Oslo same dag.

- Det verste som kan skje er at 200 personar møter opp. No må vi vise at vi står samla om sjukehuset. Det bør bli minst tusen, seier Furnes.

- Her bør folk frå heile Nordfjord møte opp for å vise at vi står saman om denne viktige saka, seier han.

Les om aksjonen i papirutgåva fredag 3. desember.