Mowatt og Øberg kasta ut av Ap-lista

Sjukehusopprør i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
Nyheter

Dei to omstridde styremedlemmene i Helse Førde, arbeidarpartipolitikarane Harry Mowatt og Clara Øberg vart laurdag vraka frå Arbeidarpartiet si liste til fylkesetingsvalet neste år.

Nordfjord og Sogn samla seg, og hadde regien på at dei to helsepolitikarane forsvann ut av fylkespolitikken.

Harry Mowatt, som er styremedlem i Helse Førde, var av nominasjonsnemnda innstilt på 3.-plassen på Arbeidarpartiet si fylkestingsliste og Clara Øberg, som er styreleiar i Helse Førde, på 7.-plass på lista.

Torbjørn Vereide, som er leiar i Sogn og Fjordane AUF, seier til Fjordenes Tidende at han er nøgd med å hamne på 5.-plass, og at dei to omstridde helsepolitikarane er ute av lista.

Vereide legg ikkje skjul på at partiet si handtering av sjukehussaka, kan ha kosta partiet dyrt. Han legg ikkje skjul på at han og mange med han er skuffa på Øberg og Mowatt si rolle i Helse Førde. Han håpar folk i fylket no stolar på at fleirtalet i partiet er tydelege på kva politikarar dei vil ha inn i fylkespolitikken.

Dette er Ap-lista (Fødselsårstal til høgre):

1. Åshild Kjelsnes, Flora 1957

2. Nils P. Støyva, Stryn 1962

3. Hilmar Høl , Årdal 1969

4. Karianne Torvanger, Flora 1978

5. Torbjørn Vereide, Gloppen/AUF 1989

6. Jorunn Eide Kirketeig, Førde 1959

7. Odd Atle Stegegjerdet, Luster 1958

8. Eva Hage Solstad, Lærdal 1959

9. Henrik Oppen, Høyanger 1957

10. Helen Hjertaas, Vågsøy 1967



11. Arve Helle, Fjaler 1971

12. Laila Rinde, Bremanger 1975

13. Atle Reidar Sandnes, Jølster 1964

14. Olaug Solheim Rotihaug, Eid 1964

15. Bjørnar Førde, Bremanger 1959

16. Solveig Løvik Norevik, Høyanger 1947

17. Håkon Myrvang, Naustdal 1953

18. Marta Finden Halset, Vik 1950

19. Harald Offerdal, Balestrand 1956

20. Olav Lunden, Leikanger 1955



21. Trude Meek, Naustdal 1967

22. Rita Ørnehaug, Hyllestad 1967

23. Kjetil Bergheim, Flora/AUF 1988

24. Sriloganrajah Pasupathi, Eid 1964

25. Marie Helene Hollevik Brandsdal, Årdal 1976

26. Harald Bjarte Reite, Førde 1966

27. Elisabeth Dalen, Jølster 1971

28. Arvid Stenehjem, Sogndal 1959

29. Monica Midland Feidje, Vik 1983

30. Are Fagerli, Eid 1964



31. Ingvill Eldegard, Årdal 1975

32. Vegard Solheim, Naustdal 1991

33. Anne Fåberg, Jølster 1960

34. Jan Inge Buene, Årdal 1963

35. Margunn Masdal, Førde 1960

36. Oscar Bergheim, Flora 1957

37. Anne Marit Oppedal, Gulen 1976

38. Anita Eide Kvamme, Gaular 1965

39. Stig Tveit, Jølster 1967

40. Nina Yndestad, Fjaler 1977



41. Odd Harald Eide, Gulen 1955