Krev at sniknedlegging blir stoppa

Nyheter

Eit samla Eid kommunestyre krev no at sniklegginga av lokalsjukehusa, og sjukehuset på Nordfjordeid blir stansa. Regjeringa må gripe inn, seier varaordførar i Eid, Kjell Magne Åshamar.

Varaordførar i Eid, Kjell Magne Åshamar seier til Fjordenes Tidende at dei reagerer på nedlegginga av lokalsjukehusa som helseføretaka driv.

Det er bakgrunnen for at kommunestyret før helga vedtok eit opprop der dei ber regjeringa gripe inn.

- Frå dei statlege helseføretaka er det føreslege store endringar i sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane og elles i landet. Kommunestyret i Eid krev at Regjeringa syter for ein uavhengig gjennomgang av samla samfunnsrekneskap og medisinsk risikoendring før planane vert godkjent, seier Åshamar.

Han peikar på at helseføretaka avviklar no tenester ved mange sjukehus.

- Det som vert att, er ikkje eit lokalsjukehus. Prosessane som har ført fram til denne stegvise avviklinga av lokalsjukehustilboda, har ikkje vore gode nok. I Sogn og Fjordane opplever vi dei ikkje som demokratiske, og kommunane sine synspunkt har ein lagt liten vekt på. Prosessane verkar styrde av kva som gjev rekneskapsmessige effektar internt i helseføretaka, og ikkje av dei samla samfunnsøkonomiske konsekvensane for kommunar, næringsliv og innbyggjarar i områda som blir råka. Eid kommunestyre kan ikkje akseptere at Regjeringa velsignar ein slik framgangsmåte, seier Åshamar.

Heile saka kan du lese i papiravisa.