Kampviljen er på topp

Lokalsjukehusforkjempar Bente Øien Hauge let seg ikkje knekke.
Nyheter

Folkerørsla for lokalsjukehusa og leiar Bente Øien Hauge gjev på ingen måte opp kampen for at nordfjordingar og sogningar også i framtida skal ha fullverdige lokalsjukehus med akutt- og fødetilbod.

- Sjølvsagt er eg skuffa over fleirtalet i fylkestinget og at dei på ein dag der dei sjølve får oppleve naturkreftene seier at nærleik ikkje er viktig, seier Øien Hauge.

Øien Hauge viser til at fylkesordførar Nils R. Sandal kom to timar for seint til Førde på grunn av stengde vegar og at også andre fylkestingsrepresentantar vart for seine på grunn av stengde vegar.

- Dei fattar vedtaket på ein dag der naturen ikkje kunne retta ein kraftigare peikefinger til dei for å fortelje at Sogn og Fjordane er eit spesielt fylke med ein spesiell geografi. No var heldigvis ikkje fylkesordføraren livstrugande sjuk, men om han hadde vore det ville vel to timar ventetid vore i meste laget, undrar Øien Hauge.

Les meir frå fylkestinget og sjukehusmøtet i papirutgåva onsdag 19. januar.