Legg ned fødeavdelinga og ortopedi

Nyheter

Torsdag bestemde regjeringa seg for å legge ned fødeavdelinga og ortopediavdelinga på Nordfjordeid.

Dei fødandene i Nordfjord blir frå hausten 2012 overførte til Volda sjukehus. Etter det ynskjer regjeringa at det skal opprettast ei jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid.

Dermed har den raudgrøne regjeringa velsigna Helse Førde sitt opplegg til omleggingar i helsesektoren.

– Eg meiner at vi har kome fram til ei svært god løysing, som også ivaretek framtidige behov for befolkinga, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) til NRK.

Faglege omsyn veg tyngre enn lokale omsyn, seier ministeren.

– Dette byggjer på faglege tilrådingar, seier ho.