Fekk vite om nedlegginga i media

Nyheter

Dei tilsette ved Nordfjord og Lærdal sjukehus er sjokkerte over at eit først fekk vite nedlegging av fødeavdelinga dei jobbar på i media.

– Eg fekk vite om dette på radio, akkurat som alle dei andre tilsette på fødeavdelinga, seier overjordmor Linda Grotle Hauge ved Nordfjord sjukehus til NRK Sogn og Fjordane.

Fødeavdelinga på Nordfjordeid blir slått saman med fødeavdelinga i Volda for å skape eit robust fagmiljø, ifølgje helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).

Grotle hadde fri, og var sjølv på reise då ho fekk vite om nedlegginga. Ho seier til NRK at hadde ho hatt kjennskap om dette, så hadde ho sjølvsagt vore på jobb.