Berit stoppa hurtigruta

Fakta Lofoten
Byggeår: 1964 Byggested: Oslo, Norge Ant. passasjerer: 340 Køyer: 153 Bilplasser: 0 Bruttotonnasje: 2621 Lengde: 87,4 Bredde: 13,2 Fart: 15
Nyheter

Dårlege vêrmeldingar og stormen Berit er grunnen til at hurtigruta Lofoten ikkje tek sjansen på krysse Stadhavet fredag.

Lofoten er på veg nordover. Det snart 50 år gamle skipet var ein halv time for sein til Måløy, blir liggande i ro til laurdag føremiddag i og vente på at vinden skal spakne, og at bølgjevarselet for Stadhavet skal bli mindre.

- Rundt 20 meter bølgjer, som det er meldt rundt Stadt, blir for tøft for passasjerane når vinden og bølgjene kjem bakfrå, seier overstyrmann Ingar Lorentsen om bord i Lofoten.

Hurtigruta gjekk frå Bergen torsdag kveld, og Lorentsen seier det har vore ei natt med mykje vint, opp i orkan styrke.

- Det var så mykje vind at vi droppa å gå inn om Florø på nordover, seier Lorentsen til Fjordenes Tidende.

No blir hurtigruta liggande til kai i Måløy i vel eit døgn til vêret betrar seg.

Hurtigruta har vel 20 passasjerar og eit mannskap på 32, opplyser Lorentsen til Fjordenes Tidende.

Sørgåande hurtigrute Midnatsol var ein time for sein frå Måløy mot Bergen. Dei passerte Stadhavet natt til fredag.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende