Steinras stenger fylkesveg

Nyheter

Klokka 21.38 søndag kveld fekk politiet melding om at det hadde gått eit steinras på Fv 602 mellom Refvik og Raudeberg i Vågsøy.

Vegen vart sperra der raset hadde gått i området ved Raudehammaren der det har gått fleire ras tidlegare.

Statens vegvesen opplyser måndag morgon at vegen vil bli stengd utover måndagen.

Vegmeldingssentralen vart varsla og ville sende mannskap for å rydde opp.

Omkøyring er via Halsør og Vedvik til Refvik, melder vaktsjefen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Ingen personar skal vere skadde.

Det har vore ein søndag med mykje vind og store mengder nedbør.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende