Her forlet Kommandøren oss

Nyheter

Ein av travarane på kysten i over 20 år, hurtigbåten Komandøren, er seld til Panama der skal den setjast inn i turisttrafikken til Canal & Bay Tours i Sør-Amerika.

I 22 år, frå 1990 og fram til i vår, gjekk Komandøren i rute for Fjord1 Fylkesbaatane mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Mandag vart skipet lasta om bord i ein lastebåt i Stavanger, og skal fraktast til den nye hamna og nye eigarar.

Sjå bildeserie her

Fotograf Tor Arne Aasen frå Stårheim, som driv firmaet Samferdslefoto, var ein av dei som var med på siste turen frå Bergen til Stavanger der den skulle over i ein lastebåt.

- Det var ein spesiell tur med ei spesiell stemning, der fire av dei som har jobba om bord i skipet i mange år var med. Det var på mange måtar vemodig. Spesielt for dei som har hatt båten som arbeidsplass i mange år, seier Aasen til Fjordenes Tidende.

Dei som var med på den siste reisa var Roger Rivedal (kaptein), Frode Monsen (styrmann), Rune Larsen (maskinist) og Sigvart Røyrvik (maskinist).

Reisa over Atlanteren går med tungløftskipet Bbc California, og er venta å ta om lag to veker.

Komandøren var det første av over 70 søsterskip, såkalla Flying Cat, bygde av Fjellstrand verft i Hardanger.

Roger Rivedal er ein av dei mange som har hatt sitt arbeid om bord i denne båten.

Som mannskap frå 1996 og som kaptein frå 2007 vart det ein tøff avskjed med den flotte katamaranen.

- Det var veldig vemodig å ta farvel. Etter det siste handtrykket midtskips, så strøyk eg båten over skutesida og sa takk. Eg byrja i Fjord1 Fylkesbaatane i 1996 og vart fast kaptein på Kommandøren i 2007 og fram til Norled overtok rutene i mai i år, fortel Rivedal til NRK

Han skulle vorte med sørover for å sjå båten vel inn i ny hamn.

- Kommandøren får nok eit fint liv vonar eg. Det er ein god båt. Det er nok den beste båten som er laga på hurtigbåtfronten nokon sinne. Det trur eg mange er samde med meg i, både i høve komfort, sjøtryggleik og ikkje minst design, meiner Rivedal.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende