Fekk storfangst i nota

Nyheter

– Det var ein stakkar som bomma litt, men alt gjekk bra, seier driftsleiar i Marine Harvest Viktor Flister.

Det var søndag kveld litt før klokka 20.30 at ein daycruiser i god fart ikkje såg merdane til Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg ved Dombestein i Bremanger, trass i at desse er forskriftsmessig merka.

Båten må ha hatt stor fart. For å komme seg opp i merdane er det snakk om å forsere gjerdet på ringen som er godt over ein meter.

– Det gjekk nok litt vel fort, ja. Han hadde vel rundt 20 knop, og det heile enda med at turbåten på 25 fot hamna midt oppi ei av merdane og der blei han ståande. Han kom seg ikkje ut igjen, seier ein litt lattermild Flister, som likevel er glad for at alt gjekk som bra som det gjorde.

– Eg såg båten kome i ei veldig fart og såg at det kom til å gå gale, seier Svein Sunde, som såg heile episoden frå altanen sin på Dombestein.

Les heile historien om den uheldige båtføraren i papirutgåva onsdag 17. oktober.