Nordfjordingar og sunnmøringar slår seg saman for å kvitte seg med helseføretaka.

– Må vi godta at styringskåte helsebyråkratar byggjer ned og hindrar fornuftig samarbeid over føretaksgrensene?

Dei som stiller dette spørsmålet er Svein Hansen frå Sjukehusaksjonen i Nordfjord, Per Johan Ramsli frå Folkeaksjonen for Volda sjukehus og Trond Inselseth, kommunelege i Vågsøy.

Svaret dei gje er eit rungande nei.

I ei pressemelding skriv dei tre at føretaksmodellen ikkje er løysinga og at erfaringane viser at den faktisk er problemet.

No har dei kalla inn til pressekonferanse i Volda tysdag.

På temalista står følgjande:

• Opning og innlegg frå Folkeaksjonen for Volda sjukehus og Sjukehusaksjonen i Nordfjord

• Innlegg av Trond Inselseth, representant for primærlegane i Nordfjord

• Innlegg av kirurg Jon B. Hjorthaug, Volda sjukehus

• Advokat Jørund Knardal, innlegg om retten til fritt val av sjukehus

• Lansering av tretrinns rakett mot føretaksmodellen

• Er dette starten på slutten av føretaksmodellen?

Initiativtakarane viser til at befolkninga, tilsette i helsevesenet, primærlegar, kommunar og næringsliv både i Nordfjord og på søre Sunnmøre gjennom folkeaksjonar og i høyringssvar sagt tydeleg ifrå at ei svekking av helsetilbodet ikkje vert tolerert.

Det vert vist til at tilbodet ved Nordfjord sjukehus er heilt på grensa til å bli rasert.

No ønskjer at alle planar om å sentralisere viktige funksjonar frå sjukehuset i Volda til Ålesund blir lagt på is.

« ... Denne gongen har også befolkninga i Nordfjord Volda som sitt lokalsjukehus og si fødeavdeling..», heiter det i pressemeldinga.

Det vert vidare vist til at folk frå Nordfjord alt i dag utgjer 30 prosent av pasientbehandlinga i Volda og at dette talet er aukande.

« ... Befolkninga og primærlegar aksepterer ikkje at helseføretaka hindrar pasientane retten til fritt sjukehusval ...», skriv Hansen, Ramsli og Inselseth.

Dei viser til at staten har brukt 3,2 milliardar kroner på Kvivsvegen og Eiksundsambandet og at det no er på høg tid å justere føretaksgrensene, sikre helsetilbodet og innkassere samfunnsøkonomiske gevinstar av nye vegsamband.

På slutten av pressemelding vert det vist til at sjukehuset i Volda er eit av dei mest kostnadseffektive i heile landet og at dei har særs fornøgde pasientar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.