Ragnar Furnes i Måløy er bekymra over den nedbygde ingeniørkompetansen i Nordfjord om ein ny Dagmar igjen skulle sette telekommunikasjonen ut av spel.

Forskarar ved NTNU viste nyleg at Vågsøy kjem ut som nummer to i ein oversikt over dei kommunane i Sogn og Fjordane som er mest sårbare for ekstremvêr. Lærdal toppar statistikken.

Forskarane har, ifølgje Bergens Tidende, undersøkt kor utsett nordmenn er for ekstremvêr, ved å sjå på både geografiske og sosiale føresetnader. På sårbarheitsindeksen der100 er høgaste sårbarheit scora Vågsøy 74,3, medan Selje fekk 72,3, Bremanger 67,3 og Eid 45,1. Målet er at kommunar og fylkeskommunar skal bruke denne oversikta til førebyggande beredskapsarbeid, særleg i lys av klimaendringar.

I Vågsøy sette uvêret Dagmar både straum- og telenett ut av spel i romjula 2011.

– Eg har full forståing for at det ikkje kan vere folk parat heile tida etter Dagmar, men eg trur at kravet til økonomi og det å tene pengar har blitt så stort at det har gått litt på kostnad av sikkerheita i ein krisesituasjon, seier Ragnar Furnes.

Han jobbar som serviceingeniør i Måløy Radioforretning, og var då han gav seg etter 25 år i Telenor i 2000 den siste teleingeniøren i ytre Nordfjord.

– Etter det eg veit er det ikkje ingeniørar som bur i vårt område. Det finst heller ikkje telemontørar i Vågsøy og Selje, seier han, og legg til at ein med fjerndirigering av telenettet dermed stiller svakare i ein krisesituasjon.

– Filosofien er at alt skal vere fjerndrift, noko som vil seie at du veit ikkje om det sit ein mann i Bergen og driftar nettet gjennom ein pc, eller om han sit i Bodø, Hammerfest eller på Røros. Og det vi såg under Dagmar var at ein mangla lokalkunnskap, det er ikkje til å legge skjul på, seier Furnes.

– Kva skal skje når dei i Bergen, Stavanger eller Kristiansand ikkje får kontakt, som under Dagmar? Kva skal ein gjere når ein ikkje har kompetansen i sjølve området, spør Furnes.

Heile saka kan du lese i papirutgåva måndag 25. februar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.